bilde av kajakk og natur

Main menu:

Kalendar

January 2012
M T W T F S S
« Jul    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Galleri

web idrett 11.04 2008 087 web idrett 11.04 2008 099 diverse ultimo aprl- primo-mai 528 kayak, idr. 22.04.08 274

Heim

Fjærland kayak & glacier

Fjærland Kayak & Glacier er ei verksemd som kan tilby guida turar i kajakk/kano og bre- og fjellturar i området omkring Jostedalsbreen. Vi leiger ut kajakk, kano, fiskeutstyr og gjev grunnleggjande sikkerheitskurs for kajakk og kano. Vi har base i Fjærland, Mundal.

Kanskje du synest at kajakk verkar litt farleg? Det er det ikkje; vi padlar i dobble kajakkar som er meir stødig enn ein kano! Vi har også to svært stabile familiekajakkar med plass til 3 personar. For deg som vil ha litt meir utfordring kan du padle ein rask singel havkajakk.

Guida turar og utleige dagleg frå mai til september. Sjå under ” kajakkturar.”

Vi tilbyr også breturar med muligheit for lett isklatring på Flatbreen, Fjærland og Haugabreen i Jølster, samt Nigardsbreen i Jostedalen. Bre- og fjellturar over fleire dagar kan også arrangerast.

Guida turar dagleg frå mai til september. Sjå under “breturar”.

Events: Bogeskyting og sandvolleyball (kurs/turneringar) vert arrangert for enkeltpersonar og grupper.
Vi arrangerer også “blåturar” og totalpakkar for bedrifter og skular med bre, kajakk og bogeskyting. Gode rabattar for grupper, skular og bedrifter! Ta kontakt for pris.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

kayak, idr. 22.04.08 274