| M | T | W | T | F | S | S |
|---|---|---|---|---|---|---|
| « Jul | ||||||
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 | 30 | |||
Bresport har lange tradisjonar i Fjærland, vi vil føre vidare dette i ånda til dei gamle patentførarane i bygda.
Vi har den lokale kunnskapen om breen og bygda, samt utstyret som gjer turen tryggare og meir opplevelserik for deg.
Aktiviteten føregår på Flatbreen, Nigardsbreen og Haugabreen. Lengre turar på Jostedalsbreen kan også arrangerast. Guidane er utdanna gjennom Norsk Fjellsportforum, og har lang erfaring med breføring og kurs.
Vi tilbyr desse turane/aktivitetane på bre:
Blåistur på Flatbreen, Jostedalsbreen: 9-10 timer/ 2-2,5 timer på bre, ev . med lett isklatring.Turen er relativr krevjande, med ca. 900 høgdemeter stigning fra start til inngang på breen. Spektakuler utsikt over Fjærlandsfjorden! Vil du han ein lettare anmarsj og mulig litt meir tid på breen? Da velger du neste tur- Haugabreen. Pris: Vaksne:600,-.Barn(14 og yngre):500,- / Med isklatring:tillegg på 100,- /Gruppe og familie rabattar. Minimum 3 personar på kvar tur. Betaling kontant i norske kroner.
Blåistur på Haugabreen, Stardalen-Jølster: 6-7 timar, 2-3 timer på breen,ev. med lett isklatring.Kjempefin familietur. Lett anmarsj på ca. 60 min i relativt lett kupert terreng. Pris: Vaksne:650,-.Barn(14 og yngre):550,-(tillegg på kr. 50,- pr. pers. for transport). Med isklatring: Tillegg på 100,-
Turar med varigheit over fleire dagar er også muleg, ta kontakt for info og prisar. Gruppe og familie rabattar. Minimum 3 personar på kvar tur. Betaling kontant i norske kroner.
For begge blåisturane treng du ta med følgjande: Mat og drikke(2-2,5 l), lett og ledig tøy for gange til brekanten(veravhengig!, fjellsko, ev. kraftige tursko/joggesko,dagstursekk på ca. 25-35 liter,vind- og regntett tøy,tøybytte, dvs. ekstra undertøy(ull eller superundertøy) og tjukke varme sokkar, hanskar og lue, solbriller, ev. personlege medisinar. Ta kontakt om du må leige noe utstyr. Vi har kapasitet til å ta med omlag 12 deltakarar på kvar tur.
Minimumstal på gruppa er sett pga. dekning av utgfter og pga. sikkerheitsmessige årsaker. Er muleg å arrangere turar med 1 til 2 personar dersom ein har noko erfaring. pris:2000,- for begge turane / 2100,- med lett isklatrng.
Utleige: Breutstyr utanom tau kan leigast. Ta kontakt for pris. Møtestad: Bremuseet (parkeringsplass for bilar), kl. 0830 for alle breturar, eller etter avtale.
Events: Bogeskyting på skive med moderne langbogar. Sandvolleyball (kurs/turneringar) vert arrangert for enkeltpersonar og grupper.