bilde av kajakk og natur

Main menu:

Kalendar

September 2010
M T W T F S S
« Jul    
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  

Galleri

DSC_0279 DSC_0289 diverse ultimo aprl- primo-mai DSC_0284

Kajakkturar

Fjærlandsfjorden er eit utruleg fint område for padling, favorittpadleområde for mange! Oftast stille, men av og til bles det opp og ein får litt ekstra spenning.  Ørn er vorte eit vanleg innslag på turane i fjorden. Ellers er dyrelivet  variert med mellom anna nise, sel, otter, mink og røysekatt. Har du med fiskesaker kan det hende du ordnar deg ein middag. Utsikta inn fjorden mot Bøya- og Suphellebreen er utruleg flott, ein av få stader i Norge ein kan padle i saltvatn og sjå breen!

Vi tilbyr følgjande guida kajakkturar:

Fjærlandsfjorden:
Ulike turar i kajakk med kulturhistoriske innslag (guiding), fra 2,5 til 8 timer). Lokalt fiska kreps med salat kan bestillast som lunsj, kr. 140,-.  Prisar: 2,5 timar tur kr.420,- / 4 timar tur kr.600,-(740,-m.lunsj) / 8-9 t. tur kr.870,-(m.lunsj 1010,-)

Turane kan også skreddarsyast etter ditt ynskje. Normalt padlar vi frå Sandaneset-Mundal ut fjorden på vestsida. Deretter kryssar vi fjorden og padlar inn igjen på austsida. Slik får vi mest muleg sol på heile turen, utsikta mot Suphelle-/Flatbreen er utruleg fin. Allversjakke, regnbukse, sprutsikker fotoboks og vasstett sekk for klede kan leigast. Det er medrekna ca. 30 min. til klargjering/instruksjon i forkant av turen.

Kjøsnesfjorden/Jølstravatnet, Jølster: a) ca. 3-4 timer og b) ca. 6-7 timars tur i ferskvatn med gode fiskemuligheiter. Det er medrekna ca. 30 min. til klargjering/instruksjon i forkant av turen.
Dagar: Etter nermare avtale. Pris: Sjå “prisar” eller ta kontakt ved mail eller telefon.

Brevatnet ved Bøyabreen(Jostedalsbreen):
Kort tur/foto-tur på 1 time. Dette er ein kort tur mest tenkt for å kunne ta bilete frå ein annan synsvinkel. Bileta vert spesielt fine med vatnet, breen og fjella som motiv! Turar etter avtale. Min 6 personar.Lengre turar etter avtale. Allversjakke, regnbukse, sprutsikker fotoboks og vasstett sekk for klede kan leigast. Pris: 200,-pr.person.

Turar etter ynskje: Vi er fleksible og kan arrangere turar andre stader etter ynskje. Ta kontakt!

Grunnleggande sikkerheitskurs kajakk: Dette er eit kurs for deg som vi padle tryggare,og vil ha meir glede av padlinga.Vi kjem innom mellom anna; klargjering og bering av kajakk, ombordstigning/gå på land, grunnleggande framdrifts og styretak- padleteknikk, sjølvredning med årepose, kameratredning enkel / dobbel kajakk, rutinar på tur; avstand til land, kryssing av fjord, ver og vind osv. Kurset vert tilpassa deltakarane og kajakktype, dvs. enkel eller dobbel kajakk.Kurset kan også tilpasast kano.Vi brukar våtdrakter, slik at opplevinga vert meir behageleg og trygg.

Dette kurset er eit krav om du vil leige kajakk hos Fjærland Kayak & Glacier! Unnatak er dersom du kan dokumentere tilstrekkleg erfaring med kajakk. Dette kurset gjev ikkje “våttkort”, men pensum er mykje det same. Pris: 535,-

Utleige: Vi leiger ut både dobble og enkle kajakkar,kano,robåt med/uten motor og enkelt fiskeutstyr. Har du erfaring kan du også leige kite med brett, eller wakeboard og vannski. Kravet til utleige er at du enten kan dokumentere tidlegare erfaring med farkosten/utstyret. For kajakk eller kano kan du ta eit grunnleggande sikkerheitskurs med Fjærland Kayak & glacier(ca. 3 timar,Pris: 550,-). Ta kontakt for prisar – utleige!

Utstyr:  Vi disponerer 6 single og  4 dobble kajakkar, 6 kanoar med hengar og alt nødvedig utstyr ( 2 kajakkar med 3 seter; 1 barne sete). Vi kan totalt ta med 14 gjester på kajakktur. Vidare har vi våtdrakter og tørrdrakt for leige på turar og for bruk ved grunnleggande sikkerheitskurs, og enkelt fiskeutstyr.Vasstette sekker for oppbevaring av klede og utstyr kan leigast. Sprutsikre/vasstette(begrensa trykk!) boksar for oppbevaring av td. kamera og mobil. Ein kite med brett. Gummibåt og robåt  med påhengar.

Møtestad:For all aktivitet i kajakk; Fjærland Kayak & Glacier, base ved vegen (naust, 250 meter nord for Turistinformasjonen). Anna møtestad kan avtalast.

Ei gruppe ved Hella. 2 dagars tur til Fjærland. Overnatting i Lidal.